Jørn Øyrehagen Sunde: Nasjonaljubileet 2030 - Noreg i tusen år! Kva handlar det eigentleg om?

I 1030 vart Olav Haraldsson den heilage drepen på Stiklestad. Det er ikkje noko særsyn at ein norsk konge døydde på slagmarka på denne tida. Så kvifor gjera dette til eit nasjonalt jubileum for fødselen av Norge? Olav den heilage som politikar gav faktisk viktig bidrag til bygginga av den norske staten. Hans person og død vart seinare brukt til å fyrst byggja, og deretter halda saman den norske staten i om lag 600 år etter 1030. Arva etter mellomalderen vart til og med brukt i bygginga av det moderne Norge både før og etter 1814. Men ikkje minst: Den moderne norske staten er i stor endring, og då kan historia fungera stabiliserande og samlande i ei turbulent tid. Det er likevel mange fallgruver knytt til eit nasjonaljubileum i 2030. Markering og ekskludering kan erstatta stabilisering og samling. Historisk romantisering kan ta merksemda bort frå framtidsutfordringar. Mytologiseringa av helgenkongen kan flytta fokus frå historiske realitetar. Fokus på politiske allmennverdiar som demokrati, mangfald og bærekraft kan skugga for politikkens brutale sider både for 1000 år sidan og no. Allmennverdiane demokrati, mangfald og bærekraft må difor ikkje vera tema for markeringa av 1030, men må vera verdipremisset for sjølve markeringa: Brei deltaking i eit nyansert nasjonaljubileum som brukar historia må seia noko om det Norge ein vil at framtidige generasjonar skal leva i. Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie og forfattar. Han har vunne fleire prisar for sine framifrå evner som formidlar.
Billetter / arrangør ↗Legg i kalender
Dette er en kopi som ikke oppdateres automatisk.
Sjekk arrangørens side før du drar. Tid, pris og tilgjengelighet kan endres.