Irene Larsen: Vind seglet, min styrmann

Diktsamlinga Vind seglet, min styrmann er ei rik og mangfaldig bok frå vår nordlege kyst. Tittelen er lånt frå Petter Dass. Det har byrja å lukte svidd kjøt av topografiskildringane hans frå 1600-talet, og hovudpersonen i dikta halar og dreg i samiske og kvenske røter, noko det blir både knutar og kveiler av. Ho prøver òg å finne ut korleis ein nær relasjon kan overleve isolasjon i ein seglbåt til havs. På særeige vis heng alt dette saman. Irene Larsen er ein sjøsamisk og kvensk forfattar busett i Tromsø. Diktsamlinga “Vind seglet, min styrmann” er den sjette utgjevinga hennar. Erlend Skjetne er forfattar frå Trondheim og skriv både bøker for ungdom og vaksne. Hausten 2025 gav han ut romanen “Svart skissebok”, med handling frå Trondheim. Hans fjerde diktsamling, “Råemne”, blei utgjeven i 2026.
Billetter / arrangør ↗Legg i kalender
Dette er en kopi som ikke oppdateres automatisk.
Sjekk arrangørens side før du drar. Tid, pris og tilgjengelighet kan endres.